Map Graph

Port Royal i Nova Scotia

Port Royal var ein gong hovudstaden i Acadia og er i dag eit lite landleg samfunn på vestsida av den kanadiske provinsen Nova Scotia. Først låg Port Royal på nordsida av Annapolis Basin i Nova Scotia, der det i dag er reist ein rekonstruksjon av den originale busetjinga i Port-Royal. Etter at staden vart øydelagd (1613), vart Port Royal bygd opp att på sørsida. Britane gav staden namnet Annapolis Royal etter at dei erobra Acadia (1710).

Read article
Fil:Port-Royal_Nova-Scotia_1.jpg